Velkommen som lånar hjå Øygardsbiblioteka (Rong bibliotek, Skogsvåg bibliotek og Straume bibliotek) Litt om kva pliktar og rettar du har som lånar. 1. Alle som har gyldig lånekort har rett til å låna ved Øygardsbiblioteka. 2. Alle som har fylt seks år kan få lånekort. Yngre lånarar må få låna på dei føresette sitt lånekort, med føresette sitt samtykkje. Biblioteket kan krevja legitimasjon når lånekortet vert skrive ut. Lånaren skal ha lånekortet med når han/ho skal låna bøker. Endring av namn eller adresse må meldast til biblioteket.Normal lånetid for bøker er 4 veker, film 2 veker og språkkurs 8 veker. 3. Det er høve til å fornya lånet: Du kan gjere det sjølv når du er innlogga i «Mappa mi», i Bibliofil-appen, sende ein epost til bibliotek@oygarden kommune eller ta kontakt på telefon. Informasjon finn du på nettsida vår www.oybib.no 4. Lånaren kan få reservert dokument som er utlånt. Biblioteket lånar inn bøker frå andre bibliotek dersom boka ikkje finst hjå oss 5. Biblioteket sender ut 3 varsel på dokument som ikkje er levert attende til rett tid. Det er ikkje purregebyr, men det 3. varselet vert sendt som rekning for tapt materiale. Rekninga vert sendt ut frå økonomiavdelinga i Øygarden kommune, som tek ansvaret for innkrevjinga. Bøker det er venteliste på vert purra like etter forfall. Lånaren er ansvarleg for det som er lånt på biblioteket og pliktar å betala vederlag dersom dokumenta vert skada eller tapt på anna vis. 6. Lånaren mistar retten til å låna dersom han/ho mottek rekning og denne ikkje er betalt. 7. Ved å motta lånekort pliktar lånaren å rette seg etter dei reglane som gjeld for bruk av biblioteket.